Pipeovertrekk

Pipeovertrekk er ei innkledning av pipa og ei tetting mellom tak og pipe. Det hindrar at vatn eller annan fuktigheit treng inn og gjer skade. Eit godt pipeovertrekk kan bidra til ei forlenga levetid på taket og pipa, samt redusere kostnadar i eventuelle slitasjar som kan oppstå.
Vi produserer og monterer alt av pipeovertrekk etter kunden sine ynskjer. Vi tilbyr materiale av stål, aluminium,sink og kobber og vi produserer toppen på pipeovertrekket i syrefast stål (det som blir i kontakt med røyk og varme). Alle komponentane i toppen vert sveisa, det vil sei at vi ikkje brukar popnagler. Dette gjer til at toppen blir meir solid og har mykje lenger levetid. Vi isolerer med 3 cm rockwoll markplater. Ta kontakt for ein god pris!

Kontakt oss
© 2023 Leknes Blikk & Montering
Orgnr 925 247 766
Utviklet av:
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram